Siri Skjerve er ei, av i alt 45, kunstnarar som er plukka ut til å vere med på Årsutstillinga 2021 ved Sørlandets Kunstmuseum i Kristiansand no i haust. Utstillinga opnar laurdag 2. oktober klokka 14:00. Norske Kunsthåndverkeres Årsutstilling er den største årlege mønstringa av norsk samtidskunsthandverk. Årsutstillinga har open innsendingsrett og det er NKs nasjonale jury som plukkar ut verka som får vere med på utstillinga. Det var i år innsendt 898 verk frå 379 søkjarar, og Siri var ei av dei 45 som altså slapp gjennom nålauget, med kunstverket «Jakob Hunter».
Siri nyttar ofte skinn frå lokale jegarar i sine kunstverk. Ho hentar skinna og tilverkar dei til materiale til kunstverk av ulike slag. For å lage råhud av skinna, må dei skrapast og avhårast. Da legg Siri dei i Lauvåa nokre dagar slik at det blir lettare å få av håra.
«Jakob Hunter» som ho stiller med i Årsutstillingen 2021 i Kristiansand, er laga av råhud av hjort frå Todalen og er handsydd med voksa lintråd. Trekassa den sit på, er ei gamal meierikasse frå L. Hals Eftf., no Matkroken i Todalen.
Her kan du lese pressemeldinga frå Sørlandets Kunstmuseum i Kristiansand: «Årsutstillingen 2021»