Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Siri fikk workshopkuntnarar frå Kvenna Kunstverksted på besøk

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. oktober 2020

Siri Skjerve som har etablert seg som kunstnar heime i Bekkerhagan fikk torsdag besøk frå kunstnakolleger som denne veka har delteke på workshopen «Høste» på Kvenna kunstvekstad. Det er Brit Dyrnes som driv Kvenna kunstverkstad og som i samarbeid med Kulturspinneriet (Stangvik prestegard) arranger workshop med 16 deltakarar. Det er deltakarar frå Fauske i nord til Sogn i sør, og dei bur på prestgarden i Stangvik medan dei er her. 

Sitt kunstatelier har Siri etablert på loftet i trønderlåna i Bekkerhagan. Foto Jon Olav Ørsal

Denne veka har det vore jobba med keramiske ting på workshop’en kunstvekstaden og dette prosjektet blir avslutta laurdag, når det står brenning på programmet. Da skal deltakarane lære seg ein japansp metode for brenning som heiter raku. Men denne torsdagen har dei bruka til å sjå seg rundt i Surnadal og i Todalen.  Først var det lagt inn besøk på Surnadal Billag hos kontnaren Jon Arne Mogstad, der dei fekk omvisning og eit innblikk i historia til lokala Surnadal Billag.  Vidare gikk turen til Solveig Haglund og Oppistua Øye der det var omvisning og lunsj. Etterpå stod altså Todalstur og besøk hos Siri på programmet. 

Siri ønska velkomen til Bekkerhagan, der ho har etablert seg som kunstnar i heimen.  Siri har rigga seg til på loftet i den nyoppførte trønderlåna.  Ho er utdanna på kunst og Handtverksskulen i Bergen med keramikk og porselen som spesiale, men har etter kvart «konvertert» over på skinn av hjort, elg og rådyr – ekte råvarer frå Todalen. medan den eine gruppa fekk omvisning og orientering om Siris verksesmd hadde Anders Gjeldnes ansvaret for den andre halvdelen av grupp.

Prosjektleiar Brit Dyrnes blir servert kaffe frå svartkjelen av Anders Gjeldnes. Foto: Jon Olav Ørsal

Han samla gjengen rundt bålplassen i hagen og sørga for traktering med rømmebakels med jordbærsyltety. Sjølvsagt vart dette servert med ekte rømme frå Todalen Meieri  – med orientering om produkt som no blir laga og litt om kva planar dei har med Todalen Meieri som enno driv nærast med prøveproduksjon i improviserte lokaler. 

Halvparten av gjengen fikk servert kaffe og rømmevaflar av Anders Gjeldnes frå Todalen Meieri medan dei venta. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 15. oktober 2020, 16:29