Måndag ettermiddag var det full sjau med lossing av knusabrus frå fraktebåten «Torvåg», og det er firma Per Gjeldnes Maskin som er mottakaren. I dag var det levert ein heil båtlast med knusabrus, som kom frå eit knusverk på Averøy. Grusen er lagt til lager i området ved sandkaia i Sissigrenda.
![](http://todalen.no/wp-content/uploads/2023/08/DSC_1241.jpg)
To lastebilar gikk i skytteltrafikk for å frakte i land sandlasten frå «Torvåg». Foto Jon Olav Ørsal
Forleden dag var det også ein båt innom med ein anna kvilitet som var levert frå eit knusverk på Eide.