Siloslåtten er komen i full gang. Dei første starta alt i helga, men no er nok dei fleste i gang med førsteslåtten i Todalen. Ledar for Todalen Bondelag, Ståle Ansnes, fortel at det stort sett er bra avlingar rundt bygda. Enkelte har nok reduserte avlingar på grunn av isbrann, og det er variasjonar mellom gamle og nye ekrer også. Vinteren har nok vore hard for enkelte grasslag, og det går fort ut over avlingane.
Todalen Samdrift driv grasproduksjon på ca 500 mål, og skal no på 3 effektive dagar få siloslåtten i hus og lage eit stor antal siloballar frå ca 400 mål. Resten på rundt 100 mål skal bli beite for krøttera, fortel Frode Grønmyr.