Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Siloslåtten i gang

Siloslåtten i gang

Jon Olav Ørsal Sundag 12. juni 2011

På tampen av veka kom dei fleste i gang med siloslåtten. Været har ikkje vore optimalt dei siste dagane, men yr.no lover egentleg ikkje noko betring med det første, seier Ståle Ansnes, ledar i Todalen Bondelag. Todalen Samdrift hadde håp om å fylle siloen før dei tok helg. Aasmund Longva Kvendset var i gang med å lage siloballer, medan Olav Halle hadde besøk av reparatør da vi tok ein lynrunde rundt bygda laurdag ettermiddag.

Ståle seier at det er bra med for, og bra kvalitet. Men det er behov for betre vær for å få optimal kvalitet på siloen. Været har vore veldig skiftande den siste tida, og vi får berre håpe at det betrar seg så dei får fôret i hus.

Nedafor finn du eit lite bildegalleri fra siloslåtten.  Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 12. juni 2011, 12:40