Det er knappe to veker til St. Hans og klart for slåttonn. Todalen Samdrift er som vanleg tidleg ute og er alt komene igang med siloslåtten. Ståle Ansnes fortel at det har vore gunstige vilkår for grasvoksteren og at det er bra avlingar. Dei starta på slåtten på leid grunn i Brusetnesset, med Kristen Bruset som innleid siloball-samlar. Med moderne utstyr har dei no kapasitet til å pakke rundt 30 siloballar i timen, seier Ansnes som driv Todalen Samdrift saman med Frode Grønmyr.
Utover veka blir det nok fleire som startar på, så det blir forhaustarar, ballpresser og avlessarvogner blir nok eit vanleg syn.