Med finvêret kom siloslåtten igang. Det kalde og fuktige vêret vi har hatt den siste tida har gjeve god grasvokster, og no er tida inne for å starte slåtten. På Kvennset hos Olaug Kvendset var to traktorar i sving med ballpressing og ballpakking i tysdag kveld. Tidlegare på dagen hadde slåmaskina vore i sving.
På turen rundt bygda var det fleire traktorar med påmontert slåtteutstyr, så det blir nok full fart så lenge godvêret helg seg, og det er nok til og med onsdag, viser yr.no. Men frå tysdag i neste veke er det igjen meldt godvêr, med temperaturar opp mot tjuetalet.