Det er nok mange som harc venta på betre vêr og litt sommarvarme dei siste vekene. Med einsifra gradtal og regnbyger har både blomster og gras på det næraste stått stille. Litt forsinka er no siloslåtten så smått komen i gang, og tysdag kunne vi knipse eit par bilder av traktor og slåmaskin på ekrene i Utigarden på Kvennset.
Det var Åsmund Longva Kvendset som satt attafor rattet på traktoren, og han var glad for endeleg å kome i gang. Han meinte at det er tilnærma normal grasavling, og tykte det såg bra ut så langt. Det blir nok fleire som kjem i gang når det blir lettare vêr mot helga og da blir det vel full slåttonn etter kvart.