Det grøne skiftet tvingar fram mindre bruk av plast og meir rasjonell drift for innhausting av graset som blir bruka til fôr. Todalen Mjølk har teke konsekvensen av det, og har i år gjort store investeringar for å rasjonalisere siloslåtten. – No er dei i gang med førsteslåtten, og dei kan rapportere om både gode avlingar og god kvalitet på fôret.
Det er no i vår bygd ein stor flatsilo med tre kammer, og etter eit par dagar med siloslått er det første kammeret i ferd med å bli fullt. Total er det nærare 2500 mål som er bruka til grasproduksjon og med ny teknologi og nytt utstyr er nok første del av slåttonna unnagjort på 2-3 dagar. Og jammen ser det ut som finvêret held heilt fram til og med komande helg.
Vi tok ein liten runde med kamera for å sjå korleis slåtten gikk føre seg, og vart egentleg litt imponert over det vi såg og kor effektivt innhaustinga gjekk unna. Starta med sjølve slåtten, der det er bruka slåmaskin med 3×3 meter – slår altså i 9 meter bredde. Deretter blir det raka saman med ei rive som lagar ein rank som er lett å plukke opp. Neste trinn er kuttaren – som plukkar opp og kuttar graset. Her er det nok bruk av mykje krefter, for den sjølvgåande kuttaren har motor på 650 hk. Når den går i fullt arbeid brukar den rundt 80 liteer diesel i timen, og det seier nok litt om kor tungt arbeid det er. Her blir nemleg graset finkutta før det blir sendt over tilhengaren for transport.
Traktor og tilhengar transporterer graset til Pestua, der Todalen Mjølk har tilhald. Her blir graset tippa opp i flatsiloane, der ein hjullastar sørgjer for utjamning og ikkje minst trapping og komprimering av graset. Tilslutt blir det her lagt på ein tett duk og lagt på litt press.
De store nyinvesteringane er nok den sjølvgåande kuttaren som kostar over 4 mill. Denne er kjøpt saman med Jan Magne Sæter i Surnadal, og Ola Vaseng i Øvre Surnadal. I tillegg blir det bruka mange traktorar, men også det er utstyr som mellom anna er bruka til snøbrøyting om vinteren. Elles er det basert på ein del samarbeid både om utstyr og arbeid med tanke på å nytte ut utstyret på ein best muleg måte.