Dei siste dagane har det kome ein del stein ned i vegbanen nær toppen av Falla på Dalavegen. Kjell Gunnar Polden har, så langt fått fjerna desse med traktor, etter kvart som dei har kome ned. Men det er mykje stein oppover skråninga, både små og store, som ganske sikkert vil rase ned ganske snart. Så i dag fekk Kjell Gunnar med seg Per E. Gjeldnes med gravemaskin for få laga ei grøft mellom vegen og skråninga, i håp om å få, i alle fall dei minste steinane til å stoppe i grøfta.
– Litt lenger opp i skråninga ligg det nokre skikkeleg store steinar, store som bilar, som kommunen må få fagfolk til å komme å tor å ta ned, seier Kjell Gunnar. – Å ta ned desse er rett og slett alt for farleg for «vanleg» folk, så her trengs det fagfolk, legg han til. – Men vi håper at grøfta Per laga i dag vil stoppe dei fleste steinane frå å hamne ut i vegbanen, avsluttar han.
Kjell Gunnar kan også fortelje at det no foregår hogst av older langs Dalavegen opp Falla. Dette for å auke trafikktryggleiken. – Ein skikkeleg vinn-vinn-situasjon, der dei som hogg får ved, og kommunen får rydda vekk skog frå vegkanten, seier ein godt nøgd Kjell Gunnar