Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Sikring av Svinviktunnelen

Sikring av Svinviktunnelen

Jon Olav Ørsal Onsdag 17. februar 2010

Heilt sidan Svinviktunnelen opna i 2001 har det til stadighet vore problem med laus stein som har rulla ned på vegbanen, til stor fare for trafikken ut frå tunnelen på Svinviksida. For nokre år sia vart det gjort forsøk på å ordne dette, men til inga nytte.
Driva hadde eit opplag om problemet før jul, og endeleg er no arbeidet godt i gang med å sette opp ein sikringsmur, såkalla Sognemur, som skal samle opp laus stein som trillar ned mot vegen frå skråninga ovafor.
Arbeidet er allerede kome langt og montørane fra Bjerkvik-firmaet Betongrenovering mente at dei skulle bli ferdige med arbeidet i løpet av torsdag.
Inntil arbeidet er ferdig rår vi trafikkantane til å kjøre forsiktig forbi anleggsområdet, da det er berre halvparten av vegbanen som er open for trafikk.
Så får vi håpe at problemet er løyst med denne muren, og at vi får ein trygg tunnelinngang i fortsettinga.
TunnellArbeidere_5757_L

Publisert: 17. februar 2010, 19:02