I Brusetmarka er firma Arveid Gjerde frå Innfjorden, i sving med å utbetre rekkverket/glidekanten forbi Bjøråbrua. Fire bilar og 4 mann var i full sving med å demontere den gangel glidekanten for å erstatte denne med ny og høgare glidekant, som skal sikre brua og ferdselen over brua, fortalte Stian Bjerkeli frå firmaet.
Han fortalte at firmaet er på taktene for å gjera forskjellige jobbar for kommunen, og har jobba mykje i Surnadal og Rindal den siste tida. Dei starta jobben med å sikre Bjøråbrua i dag, og reknar med å bli ferdige i løpet av dagen. Trafikken over Bjøråbruka kan bli hindra litt, men det er ikkje naudsynt å stenge vegen – men ta litt hensyn til arbeidet som pågår.