I dag vart det ein fjerdeplass, ein 3.-plass og ein 2.-plass for deltakarane frå Trollheimen fjellsportklubb i Oppdal fjellmarathon. Aron Rodal Haugen sikra seg nest beste tid på 22 km og sikra seg andreplassen etter Jona grønli frå Freidig – fattige 12 sekund etter. Aron leda ved 12 km og 17 km, med måtte sleppe framom Jonas i spurten inn mot mål.
På 42-km var det kamp om 2. og 3.-plassen, der Isak Drøpping tok innpå Isak Bergset gjennom heile løpet, men Bergset heldt unna og berget 2. framfor Drøpping som kom på 3.-plass. På førsteplass kom Ludvik Rød Benco på 3:53:33. På 2.plass kom altså Bergset med + 8 minutt og Drøpping med tillegg på 8:46 – 46 sekund etter Bergset.
Det var laurdag 4 deltakarar frå Trollheimen fjellsportklubb. I dameklassen deltak Lisabeth Sætherbø som sikra seg 4. plassen i klasse K 30-39 på tida 2:36:39 med 21:39 etter Mari Fasting som ble klassevinnar. Emil Ansnes deltok på 22 km, og kom inn på tida 2:2303 som heldt til ein 27.-plass i klasse M30-39.
Resultat for deltakarar frå Trollheimen Fjellsportklubb og resten av konkurransen finn du på denne linken.