Søndag var karane i brannkorpset i Todalen på Ansnessaga for å spyle rein tomta. Dei var innleidd av Møre Tre AS for jobben, for å få bort rusk og rask etter Dagmar. Det er da spesielt med tanke på mykje spikar og skruvar som ligg laust . For å få nok trykk i slangane demde dei opp sagelva. Sjølv om det ikkje var flammar og varme med i bildet denne gongen, fekk dei i seg varmen likevel.
Dei brukar også å ta på seg oppdrag for Talgø og L. Hals mot våren for reingjering av uteareala deira også for å få bort lort og strøsand . Så dei uniformerte karane er vel meir som eit lite vårtegn å rekne.
Under ser de nokre bilder av spylinga og ruskveret som har herja i området dei siste dagane. Alle foto ElinorB