Sigri V. Bøe og Hedda Hansen Berg skal ha konserterer i kulturhuset og Sagatun torsdag 22. september. Det blir meir som eit stunt, med ein kort konsert i foajeen på kulturhuset klokka 11:00 og i Sagatun grendahus kl. 13:00, og det er gratis inngang båe stadane!
Akkurat det kan ein takke Møre og Romsdal fylkeskommune for, da dei støttar slike dagtilbod gjennom ordninga «Den kulturelle spaserstokken».
Vi er på førenamn med Sigrid og Hedda, men for orden skuld: Sigrid Vetleseter Bøe, sopranen frå Bøfjorden, har gjort fleire avtalar med Mozart og Puccini i Sverige i haust. Men ho skal også konsertere med «Czardasfyrstinnen» i Kristiansund nærare jul. Så vi har vore heldige å få snappa ho opp på ein av turane ho skal dit. OG at det i tillegg klaffa med at Hedda Hansen Berg også var ledig samtidig. Ho musiserer også jamt i Kristiansund, men med Kvanne som base. Hedda, på klaver, er grunnmuren som andre musikarar treng for at dei saman skal reise solide musikalske byggverk – men ho kan også invitere på forrykande tangentdans på eigenhand.
Dei to vil framføre både lokalt og meir fjernkomponert stoff på desse to konsertane. Det vil vere muleg å få kjøpt seg ein kaffekopp, for dei som vil komplettere utfarten med slikt inntak.