Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sigrid med nyttig pengegåve frå SpareBank 1 Nordmøre

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 5. juli 2024

På ein pressekonferanse torsdag, som SpareBank 1 Nordmøre og Sigrid Vetleseter Bøe (34) frå Bøfjorden hadde kalla inn til, vart vi informert om at Sigrid hadde fått ei pengegåve frå SpareBank 1 Nordmøre på kroner 25.000,- for å vidareutvikle songstemma si. Frå banken møtte Liv Dalsegg og Arne Berset,  

Liv og Arne sa på torsdagens pressekonferanse at Sigrid er ein utruleg flott ambassadør for Surnadal kommune og regionen vår. I tillegg folkeleg gjer ho opera som kunstform, mellom anna gjennom sitt engasjement som kunstnarisk leiar for Stangvikfestivalen. På den måten blir opera ufarleggjort og gjort tilgjengeleg for folk flest.   

Sigrid debuterte i Tryllefløyten på Kungliga Operan i Stockholm. Sidan det har ho hatt mange rollar på mange scener i inn og utland. Å vere operasongar, er som å vere toppidrettsutøvar, ein må vere på topp kvar gong ein opptrer sa Sigrid under pressekonferansen torsdag.

Arne, Sigrid og Liv skein om kapp med sola under torsdagens pressekonferanse. Foto: B G Ansnes

Sigrid kunne fortelje at det er hard konkurranse om kvar einaste rolle ved dei forskjellege operaane rundt om, og at det difor går med mykje tid og pengar til rettleiing og prøvesynging til dei forskjellege rollane rundt om. Dei som prøvesyng må nemleg sjølv betale for rettleiinga, og det kan bli mange tusen for kvar prøve. Difor var Sigrid særs glad for pengegåva frå StpareBank 1 Nordmøre, ei gåve som gjer at ho står betre økonomisk rusta i tida framover.  

Bilde: Arne, Sigrid og Liv inne.

Ein kan oppleve å vere med på mange prøvesyngingar på dei forskjellege operaane rundt om, utan å få ein einaste rolle. Sigrid har etter kvart opparbeidd seg eit namn, og sjølv om ho, som dei fleste andre operasongarane er freelance, så har ho i alle fall fylt mesteparten av tida si fram til 2026.

Akkurat no har Sigrid og familien leigd seg hytte i Stangvik. Her kombinerer ho det å vere kunstnarisk leiar for Stangvikfestivalen med å avvikle ferie, så kor mykje ferie det blir står nok att å sjå vil vi tru!

 

Først publisert: 5. juli 2024, 07:00 - Sist oppdatert: 4. juli 2024, 21:50