Tysdag kveld var det duka for lokaloppgjer mellom KUST G 12 og Surnadal G 12 – 2 på Bordholmen. Det vart ein velspela og jamn kamp med stor innsats og mange gode målsjansar frå båe laga. Men KUST fekk betre utteljing på målsjansane sine enn Surnadalslaget denne kvelden. Kampen enda med siger til heimelaget, resultatet vart 6 – 2.
Terje Ranes er trenar for Surnadal G12 – 2, og Leif Magne Andersen er trenar for Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen, altså KUST. Dommar for kampen var Jens Olav Moe.
Etter opphaldsver i første omgang vart det retteleg høljeregn i andre omgang utan det la nokon dempar på innsats og speleglede.
I kiosken stilte Einar Talgø og Knut Bergli. Dei reklamerte for fine, nye skjerf for Todalen idrettslag og selde bakels og graut som smaka fortreffeleg.
Det er både sosialt og triveleg å vere på fotballkamp på Bordholmen.