Toåa er eit middels stort vassdrag med god bestand av laks og sjøaure. Ein kan fiske etter laks og sjøaure på ei strekning på 8 km frå fjorden og opp til Storfossen. Alle elveeigarar er organisert i Todalen Elveeigarlag og har felles kortsalg på nesten heile strekninga.
Det er gjort ein god del tilretteleggingstiltak for å betre fisket i Toåa. Dette starta allereie på slutten av 1800-talet da engelske sportsfiskarar fatta interesse for elva.
Les meir på Todalen Elveeigarlag sine nettsider.