Todalen Bondelag arrangerer som tidlegare nemt open gard i Pestua på søndag. Der vil Maren Ansnes og Asbjørn Karlsen vere vertskap. Bondelaget, Surnadal Bygdeungdomslag og Start 4H vil stå for det faglege gjennom dagen. Her vil det bli mulegheiter for å stifte kjennskap til ulike dyr, og ikkje minst få sjå inn i eit nymoderne oksefjøs. Det heile startar klokka 12 og varer til klokka 16.
Arrangementet er av nasjonal karakter og har foregått i mange år, ofte med Todalen som utgangspunktet her omkring. Sist var Viastua vertskap i 2008.