Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Setertur i Ålvundlia

Elinor Bolme Måndag 13. juni 2016

Laurdag 18.juni kl 12.30 arrangerer Stangvik Historielag fellestur til Ålvundsetra. Oppmøte ved Ålvundfjord skule klokka 13, med fergjeavgang kl 12.30 for dei som kjem over fjorden melder arrangørane. Deretter blir det start ved lunningsplassen midt i Ålvundbrekka (ved Sverkesli). Ein går så opp lia via Ålvundsetra til Øversetra og nedatt om Bønnasetrene og Ålvundsetra til start.

Eit alternativ (lettare) kan vera at alle møter i Ålvundbrekka. Ein brukar dei bilane som er nødvendig og startar ved Solhøgda, kjem innom same plassane og Leviksetra i tillegg.

Matpause ved Øversetra. Dei som er spreke, kan då ta ein tur bortover til Bakksetra.

Ein treng truleg ca 5 timar på turen, og det er bra å ha gode kne, for det er relativt bratt ned att.

Ta med niste og kle deg etter veret!! Og ta gjerne med kart, viss du har oppfordrar historielaget.

Turleiar: Nils Ulvund

Foto: Kulturvandring til Vågagreda i Ålvundfjorden.

 

Publisert: 13. juni 2016, 20:43