Setrer og kulturlandskap – Ålvundeid og Ålvundfjor heiter boka som no er i handelen og vart høgtideleg presentert i Ålvudeid Grendahus sist onsdag. Ideen til boka vart unnfanga våren 2017, og alt i oktober i år gikk boka i trykken med rundt 160 sider med seterhistorie frå Ålvundeid og Ålvundfjord – ispedd mykje historie rundt kulturlandskap og høyløer.
Og resultatet står det stor respekt av, her er det samla og systematisert ein enorm mengde med kulturhistorie frå tida med seterdrift, slåtteteiger og høyløer. I boka er informasjon om korleis generasjonane før oss har streva i utmarka og på setrene samla og formidla, og er no teken vare på og vil bli vidareformidla til komande generasjonar.
Boka tek for seg seterlivet som har vore i Ålvundeid og i Ålvundfjord, og det er omtale av kvar enkelt seter, og i tillegg er informasjonen dokumentert med både gamle og nye bilder gjennom heile boka. Vi har bare bladd gjennom boka, men er imponert over kor mykje informasjon redaksjonen har klart å samle mellom dei to permane. Redaksjonen har bestått av Steinar Wirum, Helge Wirum, Reidun B. Rødset, Nils Ulvund og Jarle Stavik. I tillegg har mange andre ytt bidrag i form av artiklar og bilder.
Boka kostar kr 350,- og kan her i Todalen kjøpast hos Marit Sanden Søyset, og kan hentast på heimstad og betalast med Vipps 536003 eller kontant.