No blir det sesongbyte for «Todalen bodybyggjarlag» som har gjennom sommaren har drive aktivt med sykkeltrim på måndagskveldar. No er dei innhenta av haustmørkret, og arrangerte difor sin siste sykkelkveld for i år. Turen gikk først utover stranda og så oppover til Gammeldfabrikken i Brusetmarka og nedover att til Vangen. Der var det etter plana lagt inn forfriskningar, før turen fortsette nedover bygda og til Kvennsetøran igjen. Men kva skjer vidare no som Hett & Svett er midlertidig stengt på grunn av smittefare?
Vanlegvis har gruppa som kvar måndagskveld samlar mellom 10 og 20 trimmarar til aktivitetar i treningsstudioet Hett & Svett som Todalen idrettslag driv. No er gruppa spent på korleis koronasituasjonen og smittevernet blir handtert vidare. – Det er strenge reglar for reinhald og smittevern for slike treningsstudio som gjer at det foreløpig ikkje er forsvarleg å opne for publikum igjen. Todalen idrettslag jobbar med å finne ei løysing for å kunne fortsette drifta, men har foreløpig ikkje funne det forsvarleg å opne anlegget igjen.