Som ei oppsummering på sesongen som er ferdig må eg tilstå at eg er litt misfornøgd med sommarvêret vi har hatt i år – spesielt når vi samanliknar med sommaren som var i fjor. Det har medført at vi har stor nedgang i talet på fotturistar og drop-in-gjestar, men lyspunkta har vært laksefiskarane og konsertane.
Det har vore bra vassføring i Toåa i heile sommar, og det har laksefiskarane sett stor pris på. Vi kan nok sjå attende på ein rimeleg bra laksesesong med rundt hundre laks på statistikken. Laksefiskarane har oppdaga fordelane med å bu på hytta og det er ikkje rart at dei likar seg i den gamle hytta med godt over hundre års laksehistorie i veggane.
Den våte og kalde sommaren har nok gjort at det har vore lite bruk for den nye plattingen og langbordet på bakken framfor hytta, med unntak for eit par veker i august, da. – Men satsinga på konsertar har vore vellukka – til saman 4 konsertar, med bra billettsal, har i løpet av sesongen har langt på veg kompensert for nedgangen for fjellturistane.
– det har vore artig å sjå at konsertdelen fungerer så godt, og at vi fikk til eit godt samarbeid med Todalen I.L. og tilbodet under Todalsdagen. Det må vi prøve å utvikle vidare i åra som kjem. Er også glad for at bygdefolket setter så stor pris på konsertsatsinga, og dette vil nok etter kvart trekke folk frå ein vidare krets når publikum blir klar over at det er eit så høgt kvalitetsnivå på musikken som blir servert her. Det vil trekk folk både til Todalen – og til Todalshytta og andre samarbeidspartnarar som Gammelfabrikken, Todalen Brygge og ikkje minst Kårvatn.
Vi utfordrar også Todalen elveeigarlag til å være med og sette større fokus på starten for laksefisket i Toåa neste sesong – her på Todalshytta vil vi by på arrangement som er relatert til dette. – Det gjelder det å utnytte dei muligheitene som Toåa har å by på.
Jobbar også litt med tanke på å få til ei kunstutstilling her på hytta. Det kan bety fleire kunstartar og vi har nokre spennande tankar rundt dette. Dette får vi jobbe vidare med utover vinteren og sjå kva det blir til.
No er det tid for oppbrot for i år – hytta er klargjort for ein ny vinter og neste morgon skal Eric Malling og kompisen Ulv sette kursen for Kongsvinger. For Ulv er dette kanskje siste sesong på Todalshytta, antyder Eric. Alderen tynger – 15 åringen Ulv er ingen ungdom lenger, og hørsla har begynt å svikte. – Vi får sjå kva det blir til etter kvart, seier Eric og ser på Ulv som ligg på sofaen ved sia av.
– No gle eg meg berre på å sette meg ned jobbe vidare med planlegginga av neste år og den prosessen vil nok bli meir detaljert og konkret etter kvart utover vinteren til ein ny sommarsesong nærmar seg. Det er alt klart at vi vil bygge vidare på samarbeidet med Raus og ei form for låtskrivarverkstad. Satsar på å presentere neste års konsertprogram for heile sesongen rundt 1. mai, seier Eric Malling til slutt.