Natt til laurdag var det start på ein travel lammingssesong for Bjørn Kvendset, for da kom dei første lamma. Søndag kom dei neste, og i uka som kjem skal mesta halvparten av sauene lamme – dersom alt går etter plana. Da blir det såpass travel at Bjørn tek fri frå jobben på MøreTre ei veke, for å ta imot dei nye verdensborgarane.
Bjørn har rundt 50 vinterfora sauer i fjøset heime på Trøå. Da han tidlegare i vinter nytta seg av tilbodet om fosterteljing, vart fann dei rundt 125 foster i sauene. Så det blir nok etterkvart litt liv og røre i sauebingane på Trøå utover våren, men det er alt barmark på beitet rett utfor fjøset så det vil ikkje ta så lang tid før ein kan sleppe ut dei sauene som lamma først.
I fjøset har Bjørn ei stor plate på veggen, der det er først opp info om paringsdato og lamminsdato og kor mange foster som er telt opp. Enkelt og greit for å ha full oversikt etter kvart som det kje nye lam som føres opp på tavla. Alle sauene er først opp med nummer og namn og på tavla finn vi Rosa, Kosi, Røsta, Slettvolla og altså rundt 50 namn tilsaman. Her er det sikkert lett å bli attkalla dersom ein stikk innom i lammingstida – tenkje berre på Jonsin dersom det blir eit bekkerlam.
Bjørn innrømmer at det blir litt spanande når sauene kjem ut på beite. Det blir stadig rapportert observasjonar både av jerv og gaupe, men siste året gikk det bra og Bjørn hadde akseptable tap på beite. Men først skal resten av sauene lamme og da får vi sjå kor det går seier Bjørn til slutt.