I dag kom dagen som store og små skientusiastar har venta på – Surnadal Alpinsenter hadde sesongstart, og dro i gang heisen for å køyre folk oppi høgda. Kl. 11 starta heisen og i heile dag har det vore bra tilstrøyming av unge alpinistar. Litt «strul» med tråkkemaskinane laga litt problem, men det var ikkje verre enn at det var brukbare forhold utover dagen.
Snøkanonane har jobba jamt og trutt den siste tida, og utnytta dei kuldegradane som må til for å få til kunstsnø. No er det såpass med kunstsnø at det er i ferd med å bli ein såle som tåle litt mildvêr innimellom utan at det blir barmark igjen.
Surnadal Alpinsenter har eiga heimeside, der du finn opningstider, prisar og anna informasjon som du har behov for.