I sol og godt ver starta Kløverturen opp att etter ein lang sommarpause. Turen gjekk etter Toåa tursti; ei triveleg turløype.
Kaffepause og tid for hyggeleg prat ved gapahuken. Dessverre så er koronapandemien på frammarsj igjen. Men å gå tur i lag ute i det fri, halde avstand og ha med mat og drikke sjølv, er ein fin aktivitet.

Kaffepause høyrer med. Kari, Åshild, Helen, Eli og Dordi nyt finveret og sosialt samvær. Foto: Dordi J H
Vi får håpe at smittesituasjonen roar seg snart, slik at det kan leggast til rette for fleire aktivitetar i Sanitetsforeninga. Mange saknar nok strikkekaffe og rusleturar med servering.
Tysdag 25. august er det medlemsmøte i Sanitetshuset; hugs at det er påmelding til sekretæren seinast 21. august.
Måndag 24. august blir det Kløvertur til Tjønnmyran med start frå Gammelfabrikken.