I helga var det sesongstart for randoneegjengen i Trollheimen fjellsportklubb. Aron Rodal Haugen og Isak Drøpping, som begge er på landslaget, viste gode takter og det lover godt for ein ny sesong som starter for fullt over nyttår.
Laurdag var det Isak som toppet lista i individuelt, medan Aron kom på andreplass – søndag var det sprint, og da var det Aron som gjekk til topps, medan Isak hamna på 4.-plass. Steinar Aarvåg tok ein 5-plass og Halvor Drøpping ein 8-plass i sine klasser. Her finn du resultat frå laurdagens konkurranser og resultat frå søndagens sprint!