Torsdag kveld var det sesongstart for lagseriegjengen. Det var godt med oppmøte av ungar i bortimot alle alderssgrupper. Nokon var der for første gongen og hadde litt uro i køen, medan andre var meir drevne ogkunne fortelja korleis dei minste skulle gjera det.
Arrangørane serverte etter iherdig hopping, kasting og springing fersk oppskåre frukt til deltakarane. Noko dei såg til å setta pris på.
Tidlegare år har det vore høve til å ta idrettsmerke for dei eldre desse oppsette kveldane, noko det antakeleg er ei rå for i år også, om ein møter opp dei oppsette torsdagane framover.
Under er nokre bilder frå dei frammøtte som gav alt! Foto: ElinorB