Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sesongstart for Kløverturen – blir du med ut på tur?

Dordi Jorunn Halle Laurdag 10. februar 2018

Måndag 12. februar startar Kløvertursesongen! Turruta denne dagen går frå Halsbua og utover Stranda. Som vanleg er det oppmøte ved butikken, og turstart er  kl. 11.00.

Det er Sanitetsforeninga som arrangerer Kløverturane. Dette er «kvardagstrim» – kvar enkelt bestemmer fart og lengde på turen. Det gjer godt med mosjon og frisk luft, og så er det kjekt med triveleg prat.

Det er ikkje lagt opp til rast undervegs på turen denne gongen, men i Kaffekroken er det råd å avslutte med varm drikke.

Alle er velkomne til å bli med ut på tur!

Leiarar for Kløverturane er Jorunn Ørsal, Åse Ville Redalen, Sigrun Ørsal, Marit Sanden Søyset og Dordi Jorunn Halle. Frå venstre: Sigrun. Åse, Jorunn og Marit. Foto: Dordi J H

         

KLØVERTUR

Fysisk aktivitet er viktig for helse og trivsel!

Sanitetsforeninga startar opp med ny sesong med Kløverturar.

Første turen blir måndag 12.02.18 kl. 11.00

Vi møtest ved Matkroken.

Turen denne dagen går utover Stranda.

Vi håpar at både karar og kvinner blir med!

Vel møtt til triveleg tur – det er kjekt å gå i lag!

       Todalen sanitetsforening

 

 

 

Publisert: 10. februar 2018, 01:10