Tysdag 10. mai startar Fjellgruppa i Surnandal Pensjonistlag oppatt sesongen etter «vinnterdvalen». Grunna overlag mykje snø i høgda, må Fjellgruppa, inntil vidare, halde seg i låglandet. «Vi trur ein tur til Kvalnesvika gjer seg no i starten», seier Kristian Ranes i Fjellgruppa. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:00.
Her blir bilane lasta opp og turen går utover til Bøfjorden og Kallset. Derifrå går turen etter god og fin sti om lag 3 kilometer utover til Kvalnesvika. Der blir dei rast og matpause.
Ta med mat og drikke, gode sko og godt humør! Det blir triveleg å treffast att!, avsluttar Kristian.
Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag ønsker alle velkomne til ein ny tursesong!
Medlem i Todalen.no –