Bortsett frå ein pause i ferietida har Ski- og friidrettsgruppa arrangert lagseriestemne gjennom heile sommaren. Torsdag kveld var det tid for å avslutte utesesongen og da var det naturleg å samle heile gjengen på Tjønnmyran og satse på litt sosiale aktivitetar og litt kos den siste kvelden. Men først var det terrengløp, og her var det full innsats rundt til lille traseen, med start og målgang ved gapahuken.
I gapahuken er det godt tilrettelagt for sosialt samvær, med strøm til vaffeljernet og langbord som har plass til alle. Her kan du også fyre opp på peisen og koke kaffe på bålpanne. Når terrengløpet var ferdig var det klart for servering av nystekte vafla og frukt på langbordet, og borna kosa seg i lag og fylte opp langbordet. Etterpå var det full aktivitet med leikar og med klatring i klatreparken som ligg attmed gapahuken.
No blir det tid for inneaktivitetar, seier Gunnar Nordvik, som er leiar i Ski- og friidrettsgruppa i TIL. Men først skal vi ha ein liten pause, og så blir det ball-leik i gymsalen i skulen utover vinteren. Nytt av året har også vore at borna frå Nordvik har delteke på lagseriestemna i Todalen. det sett vi stor pris på, og sjølvsagt var dei invitert med på avslutninga på Tjønnmyra, seier Gunnar Nordvik.
Bildeglimt frå avslutningsarrangementet på Tjønnmyran. Her finn du sikkert kjentfolk? Alle foto: Jon Olav Ørsal