Dagens sprintkonkurranse i rando-WC rundar av 2024-sesongen. Tilsaman var det 5 deltakarar frå den norske landslagstroppa – Ida Waldal i dameklassen og 4 menn i herreklassen. Her starta Hans-Erik Klette, Trym Dalset Lødøen, Erik Kårvatn og Sander Engdahl.
I kvalifiseringa røyk Ida Waldal ut, og dermed var ingen norske som vart med vidare. I herreklassen klarte Hans-Erik Klette og Trym Dalset Lødøen å kvalifisere seg, medan Kårvatn og Engdahl rauk ut så vidt det var. Her kom de 35 beste med vidare, medan Erik kom på 42. plass og Engdahl på 37. plass. Men Klette og Lødøen rauk også ut i kvartfinaleheata, så til slutt var det 2 franskmenn, 2 spanjoler og 2 sveitsere som gikk til finalen.
Dersom vi skal tillate oss ei lita oppsummering, så trur vi at det norske landslaget har vist at dei i aller høgste grad er med i konkurransen, sjølv om konkurransen om dei edle metalla er stor når ein møter dei beste konkurrentane som har tilhald i alpane. Vi kan da også merke oss at det er OL i Cortina i 2026, og der debuterer randonee som OL-gren. Her må vi rekne med at det blir kamp om plassane i tida fram til OL.