Stavgangruppa i Surnadal pensjonistlag trossa sluddbyene og la ut på årets siste stavgangtur frå Vang skiarena på Kvanne sist fredag. Turen etter gammalvegen mot Stangvika vart kanskje litt nedkorta, men det var ein skikkeleg friskt vêrtype da dei kom att og benka seg rundt kaffebordet i klubbhuset. Da var det godt med varm kaffe og nystekte bakels, som stavgangstyret hadde sørgja for.
På årets siste tur var det også tid for litt påskjønning til styret i stavganggruppa, som i løpet av sommarhalvåret har arrangert heile 19 turar til forskjellige turmål i kommunen. Deltakinga går det heller ikkje an å klage på, for i gjennomsnitt har dei hatt 29 deltakarar pr tur og heile 108 delteke på ein eller fleire turar. Rekorddeltakinga var nok under markeringa av eldredagen i Svinvika i vår, der det var 64 deltakarar.
Johs Vaag som er ledar i Surnadal pensjonistlag kom for gi ros til Stavgangstyret på den siste samlinga i år, og hadde med seg ei rose til kvar av styremedlemane i gruppa. Han ga uttrykk for at han sette umåteleg pris på den viktige jobben dei utfører, og for måten det legg opp arbeidet og styrer sjølve.
Martinus Torvik, som er mangeårig ledar for Stavganggruppa, fortel at dei legg opp til forskjellige turmål kvar gong dei møtes. Kvart år prøvar dei å finne nokre nye turmål for å få variasjon. Medlemane får oppsett terminliste, slik at dei veit kvar dei skal og kvar dei skal møte opp. Med seg i Stavgangstyret har han Lisbet Ranes, Per Bruset, Bjørg Bruset, Brit Nordvik og Vidar Sogge.
Vi i Todalen.no vil rette ein stor takk til Vidar Sogge, som har vore ein trufast bidragytar med tekst og bilder frå turane til Stavganggruppa.
Bilder frå «banketten» i klubbhuset på Vang skistadion finn du nedafor. Alle foto: Jon Olav Ørsal