Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sesongslutt for «stavgangarane» med tur til Vang

Jon Olav Ørsal Fredag 26. september 2025

Stavgangarane avslutta sesongen med ein finvêrstur til Vang og Øygardshalsen torsdag, saman med elevar frå Surnadal Vidaregåande Skole for «helse og oppvekst».  Det har vore god tradisjon å avslutte sesongen her, med litt ekstra traktering, og elevane hadde med seg nybakte kaker til oss alle saman.

Avslutning med nybaka kaker fra elevane ved SVS – stor stas på sesongavslutninga. Foto Wenche Kvendset

Turleiinga takkar alle som har vore med oss på tur gjennom sesongen og som har vore med og gjort turane så trivelege. Bilda frå turen er det Anne Vognild Einum og Wenche Kvendset som har sørga for.

På tur frå Vang og utover mot Øygardshalsen – foto Anne Vognild Einum

Målet er nådd ved Stikk UT-pnktet på Øygardshalsen – foto Anne Vognild Einum

Publisert: 26. september 2025, 15:00