Komande torsdag 10. oktober er det ny stavgangtur og sesongslutt for i år. Tradisjonelt er det sesongslutt med start frå Vang skistadion, og slik er det i år og. Det er start til vanleg tid kl. 11.00 og deltakarane går tur derifrå etter eigne ønskje. Etterpå er det avslutning med servering av graut og bakels til kaffen, og det skjer innomhus på skistadion.