Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sesongslutt for sjøauren i Toåa.

Jon Olav Ørsal Laurdag 31. juli 2021

I dag er det siste dag for fiske etter sjøaure i Toåa.  Siste fastsetting av fisketider i direktoratet reduserte fisketida for sjøaure slik at fisket starta 15. juni og sluttar 31. juli kl 23:59.  Dette er nytt av året, tidlegare var det same tid for sjøaure og laks – nemleg 15. juni til 15.august.  Når det gjeld laksefisket minner Todalen elveeigarlag om at laksefisket har fangstbegrensning frå 15. juli.  Frå 16. juli og til og med 15 august skal holaks settes ut igjen.  Les meir om laksefisket på www.elveguiden.no 

Først publisert: 31. juli 2021, 11:18 - Sist oppdatert: 2. august 2021, 08:14