Vi går mot slutten av september, og får stadig fleire tegn på at hausten er her, og ein ny vinter er i anmarsj. Laurdag morgon var det atter nysnø i fjella, og lauvskogen har fått litt gulfarge – og tida er nok komen ettersom vi hadde haustjamndøgn sist onsdag. Denne veka kom også vegstikkene på plass langs vegkanten….

Sauene er komene heim frå fjellbeite – sauene til Bjørn Kvendset har vært på beite i området Kjerringa og Vassnebba. Foto: Jon Olav Ørsal
Utesesongen for krøter og sauer går også mot sesongslutt. Friluftslivet er slutt for i år, og sauene er komne ned frå fjellet og beiter på siste rest av graset etter 2. slåtten – medan dei i uvissa ventar på skjebnen vidare.
Langtidsvarselet på YR.NO melder bra være i starten på neste veke, og den aller finaste dagen blir på tysdag når temperatur opp mot 20 grader blir nemnt. men mot slutten av veka blir det nok litt regn, og lågare temperatur.