Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sesongskifte – og vidareutvikling av parkanlegget

Jon Olav Ørsal Onsdag 8. oktober 2014

Ei ny årstid gjer sitt inntog på Gammelfabrikken denne veka. Hagemøblane som har prega parkanlegget utomhus er i ferd med å kome på plass i utstillinga innomhus. Vinteren kan vere like rundt hjørnet no som vi skriv oktober – men først skal parkanlegget oppover mot fossen gjerast ferdig.

Per E Gjeldnes Maskin har starta arbeidet med å vidareføre parkanlegget oppover mot dammen, og dersom vinteren held seg unna ei stund enno vil dette blir det nok både nye murar og grøne lommar i terrenget mellom dei gamle fabrikklokala og dammen.

Innomhus blir det også forandringar ettersom nye produkt er på veg inn i utstillingane. I møbelbransjen er vi vant til at nye trendar påverkar både materialval, fargeval og ikkje minst design, seier Anita Talgø, som er ansvarleg for produktutviklinga hos Talgø og for ustillingslokala på Gammelfabrikken. Den som har levd ei stund kjenner nok att noko av retrostilen som no er på veg inn i utstillingane.

Nokre bilder frå Gammelfabrikken og dei som dreiv på der.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 8. oktober 2014, 13:38