Endeleg kom dagen som så mange har venta på! Medan kuldegradane og snøkanonane har laga ein skikkeleg såle i alpinbakken er det nok mange som har venta med lengsel etter å få ski på beina og kome seg ut i bakkan. I dag opna Surnadal Alpinsenter for sesongen.
Det rapporteres om fine tilhøve i bakkan, og det var mange som hiva seg rundt for å bli med på sesongpremieren. Litt spenning er det nok knytt til mildvêret dei komande dagane, men blir det ikkje verre enn det er meldt så er det vel godt håp om å halde det gåande i tida framover. Gå inn på nettsida til Surnadal Alpinsenter – der finn du oppdatert informasjon om aktivitetane i alpinsentret.
Vi har fått mangee fine bilete med Tore Korsnes som har vore i Sæterlia i dag – vi spanderer på eit lite bildegalleri frå søndagens aktivitetar i bakkan. Alle foto: Tore Korsnes.