Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sesongopning i Svinviksarboret laurdag 18. mai

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 16. mai 2024

Laurdag 18.mai opnar klokka 11:00 er det sesongopning i Svinviks arboret. Da opnar hageporten og kafedøra for besøkande att! Arboretet held også ope søndag 19. mai og måndag 20. mai, altså heile pinsehelga.

I tilegg til mykje flott blomstring, vårgrøn hage og godsaker i kafeen kan dei på opningsdagen også by på:

  • Pop-up utstilling av løkvekstar frå hagen
  • Dei viser fram vakre liljer, med namn og historie
  • gamle foto frå arboretet. (I den gamle billettboda).

I kafeområdet blir det Quiz og aktivitetar som passar for heile familien.

Det er også fullt mogleg å besøke arboretet før opningsdagen, for å få med seg så mykje som råd av den fine blomstringa som no går slag i slag utover. Da betaler ein billett med Vipps. Oppslag med informasjon finn ein ved inngangen.

Ein kan også besøke Svinviks arboret si Facebookside ved å trykke på logoen deira nedanfor. 

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 16. mai 2024, 06:00