Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sesongopning i Svinviks arboret søndag 11. mai

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 3. mai 2025
Søndag 11. mai klokka 11:00 opnar Svinviks arboret hageporten og kafeen, og ønsker dermed velkommen til ein ny sesong i arboretet. Rododendronblomstringa er i startgropa, og det er mykje fin vårstemning å få med seg i arboretet.
 
I år kan ein bli med på arboretet sin nye plantequiz, ei løype i hagen som er ein fin aktivitet for både vaksne og barn, og da gjerne saman. Quizen kan ein delta på når som helst i løpet av dagen. Kafeen serverer kaker, kaffe og is.
 
Litt om sesongen og opningstider:
 
Hagen er alltid open, med VIPPS-billett. Kafeen er åpent på helg fram til 22.juni, med nokre justeringar rundt heilagdagar, sjå oversikt under. Det blir utviding med fleire opningsdagar etter 22. juni, onsdag til søndag.
Svinviks arboret inviterer til opne omvisninger med sin museumsgartner på onsdagar i starten av sesongen. Dette blir nærmere annonsert.
 
Kafeen er open frå 11:00 – 16:00 desse dagane:
 
Søndag 11. mai
Søndag 18. mai
Laurdag 24. mai
Søndag 25. mai
Fredag  30. mai
Laurdag 31. mai +
Søndag 1. juni
Laurdag 7. juni
Søndag 8.juni (1. pinsedag)
Måndag 9. juni (2. pinsedag)
Laurdag 14. juni
Søndag 15. juni
Laurdag 21. juni
Søndag 22. juni
 
22.juni  –  03.august er kafeen open:
 
Onsdag – søndag  klokka 11:00 – 16:00
 
Grupper kan bestille omvisning og servering også utenom oppsatte opningstid. Ta da kontakt for avtale.
 
Følg med på heimesida deira på www.nordmorsmusea.no
Først publisert: 3. mai 2025, 16:17 - Sist oppdatert: 4. mai 2025, 12:18