Førstkomande søndag, eller rettare sagt 1. pinsedag, er det sesongopning i Slettneset steinovnsbakeri på Nordvik. Det er meldt knallfint vêr med sol og vi i Slettneset er klare til å fylle tunet med folk, melder Karin Åsbø, som fortel at dei har ope i tidsrommet 12 – 17.
– Vi har god plass, så det skal gå greit å halde avstand til kvarandre etter regelverket, og vi gler oss til å ta i mot dykk med god kaffe og fersk bakst, seier Karin! Les meir på Slettnesets facebookside