Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Sesongopning i arboretet

Sesongopning i arboretet

Jon Olav Ørsal Måndag 10. mai 2010

Den lange og kalde vinteren har i år forsinka våren og blomstringa i Svinviks arboret. Laurdag var det offisiell opning i Svinvika, men Rododendron let oss vente enda et par veker før den kjem i full flor. Det har gjort at vi har teke ein mjuk start i år, seier Dordi Kjersti Mogstad som fagleg ansvarleg og avdelingsledar med ansvar både for arboretet, Kleiva og Museet på Åsen.

Ho fortel at det er mykje som er nytt i år, for no har Surnadal kommune overteke eigarforholdet her etter NTNU Vitenskapsmuseet. Dei fekk med ein slump pengar, 1,5 mill. over 3 år, som skal styrke drifta dei 3 første åra. Sidan må ein evaluere drifta, og sikre at ein får økonomien på plass. Drifta i alle dei 3 anlegga skjer i samarbeid med Nordmøre Museum, medan formannskapet er museumsstyre.

Sommarprogrammet er no klart, og i arboretet er kvar veke ope frå torsdag til søndag i tidsrommet 12 – 17. Opningstida er tilpassa dei dagane og tida på dagen når det er størst trafikk, og sjølvsagt skal vi ha ope heile pinsehelga, seier Dordi Kjersti. Da vi arboretet bli ein del av Vårsøghelga, med konsert i arboretet laurdag 22. mai.

Elles blir det forskjellige aktivitetar utover sommaren, med planteloppemarket, villblomstens dag og ikkje minst fortsetter suksessen med i piknik i arboretet. Og så blir det plantesalg, der vi skal selge rododendron og prydbusker. Nokre rododendron og staudar av dette er eigenprodusert i arboretet.

Sommarsesongen blir i år avslutta 1. august, men det blir eit par arrangement i august i samarbeid med Norsk Vandrefestival.

Dordi Kjersti frykta det var mykje frostskader i arboretet etter den lange og kalde vinteren, men det hadde gått overraskande bra. Nokre busker har nok fått litt frost og tørkeskader, men det er slett ikkje omfattande sjølv om det nok er meir enn dei siste åra. Vedlikehaldet av anlegget i arboretet er i år sett bort til Karen Oddnys heim og hagetjenester.

Først publisert: 10. mai 2010, 07:00 - Sist oppdatert: 9. mai 2010, 18:41