Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sesongkickoff med Micke

Elinor Bolme Tysdag 29. mars 2016

Onsdag 30. mars kl 18.30 er det klart for årets sesongkickoff for Idrettslaget Søya. Da inviterer fotballgruppa alle fotballvenner (spelarar, lagledarar, trenarar, foreldre) i Søya til eit spennande arrangement på Surnadal ungdomsskole.

Her blir det høgtidelig presentasjon av alle spelarane (med ein liten overraskelse til alle), lagledarar og trenarar. Fotballgruppa inviterer også representanter for sine sponsorar/samarbeidspartnere, som dei ønsker å gjere litt stas på denne gongen.

Det blir selvfølgelig servering (pizza og saft), med innlagt quiz i matpausen.

Og sist, men ikkje minst, så blir det besøk av Rosenborg-spelar og Stangvik-venn Micke Dorsin, som kjem frå Trondheim for å sette spelarar og støtteapparat i rett stemning før seriestarten. Micke har fått treningsfri denne ettermiddagen av Kåre Ingebrigtsen, for å rekke nedover til arrangementet.

Dette blir eit slags samtale-intervju med Micke, der temaet kan bli både Rosenborg, treningstips for unge spelarar, opplevelsar fra oppveksten i Sverige – og andre aktuelle fotballtema. Det blir også muligheiter til å stille spørsmål frå salen, og selvfølgelig ein autograf eller to.

Velkommen til årets sesongkickoff  helsar styret i fotballgruppa.

 

årsmøte søya

 

Ellers kan vi også minne om at Idrettslaget Søya avheld i dag sitt årsmøte på Vang skiarena klokka 20.00

På heimesida si melder dei om vanlige årsmøtesaker i tillegg til:

  • Nedsetting av komite for å forberede 100 års jubileum.
  • Arbeid med ny lov for laget i henhold til nye regler fra NIF. 
Først publisert: 29. mars 2016, 05:00 - Sist oppdatert: 28. mars 2016, 20:07