I helga arrangerte Surnadal Golfklubb si siste turnering for sesongen. Med heile 44 deltakere frå fire ulike klubbar påmeldt til årets «Hjorte-scramble», vart avslutninga ein suksess. Antall påmeldte deltakarar var forøvrig årsrekord, og berre under jubileumsturneringa i 2006 har det vore fleire deltakere med.
Gjestane frå Sunndal Golfklubb; John Gammelsæter og Rune Nikolaisen var uslåelige denne gongen, og utkonkurrerte motstandarane med 45 poeng. Ellers vart resultatlista lista jamnare frå 2. plass og nedover:
- John Gammelsæter og Rune Nikolaisen, 45 poeng
- Trond Kristian Grødal og Lars Daniel Garshol, 40 poeng
- Heid Snekvik og Magnus Snekvik, 40 poeng
- Brit Røsand og Allan Troelsen, 40 poeng
- Malin Røen og Halstein Kvande, 40 poeng
- Kari Lise Kongshaug og Rune Lønnum, 38 poeng
- Erik Nordvik og Lars Nes, 38 poeng
- Lasse Vaseng Hansen og Geir Berntsen, 38 poeng
- Terje Kvande og Oddvar Væge, 37 poeng
- Trygve Talgø og Bjørn Schei, 37 poeng
I løpet av sesongen 2019 har det vore heile 641 turneringsdeltakarar fordelt på 34 turneringar i klubben. Ein klubb med stor aktivitet med andre ord.
Og kanskje nettopp derfor er det no full dugnadsjobbing med å flytte golfsimulatoren som pr i dag står på Landbrukshuset til golfbanen. Den siste tida har ein ivrig dugnadsgjeng starta jobben med å reise eige hus til denne, slik at all aktivitet blir på banen på Kvanne i åra framover.
Les meir om dette, og sjå fleire bilder frå helgas Hjortescramble på klubben si heimeside
Alle foto: Surnadal golfklubb.