I går kveld ettermiddag var 17 barn og unge, i alderen 4 – 14 år, samla til sesongens siste friidrettskveld på Bordholmen stadion. Der sto lengde (med og utan tilløp), kast av liten ball, 60-meter og 400-meter på programmet.
I lengde fekk alle to forsøk kvar, to med og to utan tilløp. I kast av liten ball vart det berre eitt forsøk denne gongen. På 60-meteren sprang dei fleste to gonger, medan alle nøgde seg med ein 400-meter, forståeleg nok.
Til slutt spanderte Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag frukt på alle som deltok, inkludert dei vaksne. Dette har det ikkje vore mogleg å gjere sidan 2019-sesongen, på grunn av restriksjonane i samband med koronasituasjonen.
Da blir det å vente på at det blir barn i løypa, men vi må vel innrømme at vi håper vi skriv 2022 før det blir skikkeleg skiføre!