Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sesongens nest siste kamp

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 13. oktober 2020

Tysdag kveld drog Søya/Todalen sitt G12 lag til Eidsvåg for å spele sesongens nest siste kamp. Kampen var mot Eidsvåg G12 og vart spela på Eidsvåg kunstgress. 

Første omgang var jamspelt og båe lag hadde fleire store sjansar. Spelemessig ein bra omgang med to lag som ville spele offensiv fortall. Heimelaget hadde ei knapp leiing når laga gjekk til pause. 

Andre omgang starta på same måte. Men utover i omgangen overtok heimelaget meir og meir av banespelet og greidde å utnytte dette til sin fordel i målprotokollen. Bortelaget såg ut til å gå litt tom for krefter mot slutten. Då dommaren bles av kampen for full tid, var det heimelaget som hadde scora flest mål. 

Eidsvåg G12. då laga spela mot kvarandre på Søyabanen. Foto: Gunnar Nordvik

Søya/Todalen spela ein god kamp mot eit seiersvant heimelag. Resultatmessig og spelemessig var denne kampen eit «kjempesteg» i høve til heimekampen mot same lag den 22.august. Så laget har absolutt utvikla seg positivt utover sesongen.   

Søya/Todalen sine målscorarar: Marius Kvande 4, Hallvard Nordvik 1 og 1 sjølvmål. 

Søya/Todalen sitt lag: Tor Asbjørn M. Karlsen, Orion Fossen, Håkon Nes, Sigurd Kvendset, Steinar Stenberg, Halvard Nordvik, Marius Kvande, Heine T. Røen og Finn Isak Brakstad.  

Først publisert: 13. oktober 2020, 19:38 - Sist oppdatert: 14. oktober 2020, 05:41