I kveld var det sesongpremiere for friidrett på Bordholmen stadion. Det vart hoppa lengde, både med og utan tilløp, kasta liten ball, og sprunge 60- og 400-meter. I tillegg hadde Barne- og ungdomsgruppa teke med bogeskyting som ein ny øvelse.
Første øving var lengde med tilløp, der alle fekk to hopp kvar. Etterpå var det stille lengde, her og med to hopp for kvar.
Så gjekk turen til kast av liten ball. Her fekk alle prøve to kast. Men først fekk alle litt instruksjon i kastteknikk av Ola Dalsegg.
Så kom turen til 60- og 400-meter. Her var det høg fart og stor innsats, sjølv om det var varmt i vêret.
Siste øving på programmet var bogeskyting. Her fekk alle ei innføring i bogeskyting av Ola Dalsegg, før alle fekk prøve å treffe blinken. Ei ny og populær øving, som få hadde prøvd tidlegare.
Etter at alle øvingane var vel gjennomført, varta Barne- og ungdomsgruppa opp med kveldens overrasking, nemleg is til alle som var med, og det gjorde godt med litt avkjøling i varmen!