I kveld hadde Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag invitert til «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Finn Ranes i Barne- og ungdomsgruppa rapporterer om strålande forhold for å gå på ski i lysløypa.
Det var litt kort varsel for kveldens «Barn i løypa», da det lenge ikkje såg ut til bli nok snø i traseen, men snafallet natt til i dag gjorde det mogleg å køyre opp spor. Det var heilt sikkert grunnen til at oppmøtet ikkje var rekordstort denne gongen, men dei som møtte opp hadde det artig og fekk gått mykje på ski.
Etterpå serverte Barne- og ungdomsgruppa varm saft til deltakarane i gapahuken, noko dei sette stor pris på.
Barne- og ungdomsgruppa satsar på å arrangere «Barn- i løypa også neste tysdag, den 7. februar klokka 18:00 – 19:00.
Finn seier at det var fine forhold for å gå på ski i lysløypa på Tjønnmyra, så er det nokon som har lyst til å gå på ski, så er det berre å ta turen til lysløypa både på dag- og kveldstid! Som kjent er lysløypa på Tjønnmyra eitt av turmåla i Stikk UT! Vinter.