Onsdag kveld vart sesongens første «Barn i løypa» arrangert i lysløypa på Tjønnmyra. Gradestokken viste -11 grader, så det var lurt å vere i aktivitet for å halde varmen. Og aktivitet vart det i nypreparerte løyper og kjempefine forhold.
Oppmøtet var ganske bra fortel leiar i Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag, Ola Dalsegg. På grunn av smittevernreglane som gjeld, så er det ikkje lov å servere varm drikke eller andre ting, men dette såg ikkje ut til å «dra» ned stemninga nemneverdig.
Barne- og ungdomsgruppa tek sikte på å arrangere «Barn i løypa» kvar onsdag kl. 17:30, så lenge det er forhold til dette.
Elles opplyser Ola Dalsegg at løypetraseen på Tjønnmyra blir preparert kvar dag no framover, så han oppfordrar folk til å bruke anlegget framover, også når det ikkje er «Barn i løypa.
Da blir neste «Barn i løypa» onsdag 20.januar kl. 17:30. .
Her kan du sjå fleire bilete frå kveldens «Barn i løypa»: